Stronde 4H
Styret Årsplan Bilder

Litt om 4H

4H Norge er ein barne- og ungdomsorganisasjon som vart stifta i 1963. Organisasjonen er livsnøytral og partipolitisk uavhengig. Dei fire H-ane står for hovud, hjarte, hender og helse og er ein del av 4H-lovnaden. 4H Norge er ein stor og aktiv organisasjon med over 11.000 medlemmar fordelt på 550 4H klubbar over heile landet. Medlemsalderen er 10-18.år.

Føremålet til 4H er å utvikla ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet er å læra ved å gjera!

I 4H er det medlemmane som bestemmer. Styret vert valt på årsmøte og det er dei som planlegg og gjennomfører 4H-møta for medlemmene. Kvart år arbeider medlemmane med eit valfritt prosjekt som skal planleggast og gjennomførast før Haustfesten i oktober. Når prosjektet er godkjent får medlemmane 4H merke og til slutt Plaketten og 4H-vitnemål ved fullført 4H-løp. I 4H er det mange kjekke kurs og aktivitetar, og du får og moglegheit til opplæring i organisasjons- arbeid som leiar/nestleiar, skrivar, kasserar og styremedlem.

Kvar sommar er det leirtid. Aspirantleir, Fylkesleir og Landsleir er tilpassa aldersgruppa og varer alt frå ei helg til ei veke. Her er det mange kjekke kurs og aktivitetar, og ein får mange nye venner.