Ada Lovelace

Britiske Ada Lovelace (1 815—1852) var den første som skreiv eit dataprogram.
            Ho skreiv programmet i 1843 for datamaskina «Den analytiske maskina», som
            Charles Babbage heldt på å lage. Programmet skulle rekne ut talrekkja
            Bernoulli-tala.


Charles Babbage

«Den analytiske maskina» blei funnen opp og delvis bygd av Charles Babbage (1791—1871)
            Sidan ein ikkje meistra elektrisitet enno, skulle datamaskina bestå av mekaniske delar, som tannhjul og fjører.
            Dessverre var det få utanom Babbage og Lovelace som såg potensialet i å ha ei datamaskin. Derfor
            fekk dei aldri nok pengar til å byggje maskina ferdig. Det gjekk nesten hundre
            år før nokon prøvde igjen.