For å kople saman prosessorkjernane og gjere det mogleg for prosessoren å nå dei andre komponentane i datamaskinen, treng vi ein I/O-kontrollar. Moderne prosessorar har eit innebygt brikkesett som raske einingar på hovudkortet koplar seg til direkte.¨ Det er også eit brikkesett montert på hovudkortet som tar seg av kommunikasjon mot langsamare einingar og hovudkortspesifikke einingar som lydkort, UEFI/BIOS og USB-portar.